VELVÆRESEMINAR

Er det nokon som er intressert i å vere med på velværekveld i Bruvang?

Det er eit velværeseminar med avspenning, akupressue mot kvardagsplager (akupunktur utan nåler) osv. Deltakarane lærer enkle teknikkar for å behandla seg sjølv og kvarandre.

Dette vil (om interesse) foregå ein ettermiddag midt i veka, ca 3-4 timar. Pris kr 200,- per person – også mulighet for fleire kveldar om interesse. Kva seier dykk? Er dette av interesse?

De kan bruke kommentarfeltet for tilbakemelding.

Loddsal

Skjermbilde 2015-03-03 kl. 20.37.50I morgon, laurdag 14.mars sit me i styret å sel loddar til loddbøkene til påskebasaren på Joker Revnestranden. Me er å finna i kaffikroken. Er du nyskjerrig på premiane, er dei å sjå der også.

Håpar me sjåast 😉

Hei alle saman!

Hei og velkommen til Baldersheim Bygdalag si nye heimeside!

Her vil det bli publisert både nyhende, kva som skjer i bygda og kva bygda vår, Baldersheim har å by på.bilde

2015

Nytt år, nye moglegheiter

I løpet av februar månad, har Baldersheim Bygdalag fått et nytt styre som er klare for å gje Baldersheim – og alle tilhengarar – enda eit kjekt og innholdsrikt år! Bruvang står klar til å bli brukt, av både styre, bygdafolk og alle andre som måtte ynskje å bruke bygdahuset – huset er for ALLE.

Baldersheim er bygda «me brenn for», målet vårt er å ivareta alle generasjonar med ulike arrangement. Me har ein kjekk bingogjeng som held bingo fyrste sundag i månaden og den årlege påskebasaren på skjærtorsdag er i år 2.april. Fyrstkommande og ein av fleire pubquizar er 28.mars, i april kjem sjølvaste «showmasteren» Bjørn Jensen og Klabbetrynet og kven veit, kanskje blir det ein revy og?

ME GLER OSS TIL EIT INNHOLDSRIKT ÅR! GJER DU?

Styret.